Hornindal - Bremanger 3-6
Søndag tapte herrelaget 3-6 for Bremanger på heimebane. Dermed står vi utan poeng på årets tre fyrste kampar.
 
Kampen var jamn i fyrste omgong, men likevel leia Bremanger 4-2 til pause.
Fleira av måla er dessverre av den lette sorten og Bremanger scora nesten på alt dei hadde av sjansar.
 
 
Sturla blir felt etter eit flott gjennomspel av Marius. Klar straffe som Sturla banka i mål og redusering 2-3.
 
2 omgong vart sjølvsagt meir open, HIL gjer grep for å forsøke å ta att leiinga til Bremanger og dermed får dei mykje meir rom framover på bana og får sjansar i bøtter og spann.
Bremanger vinn fortent ut i frå spel og sjansar, men når vi scorar 3 mål på heimebane so skal poenga vere att heime!
 
Sjå flere bilder under: BILDEGALLERIET :)
 
Kampfakta:
Hornindal - Bremanger 3-6 (2-4)
Dommar: Muhamet  Barlla, Eid IL
Gule kort: Fredrik Drageset og Antonio Heggen, Hornindal 
Tore Rylandsholm, Mathias Hammersland, Kenneth Fosse Elde og Kristoffer Lågeide, Bremanger

0-1 Martin Klakegg Hauge (16. min)
1-1 Sturla Lødøen (29. min)
1-2 Tore Rylandsholm (31. min)
1-3 Martin Klakegg Hauge (34. min)
2-3 Sturla Lødøen (41. min)
2-4 Tore Rylandsholm (45. min)
2-5 Martin Klakegg Hauge (65. min)
2-6 Martin Igland Senneset (71. min)
3-6 Verner Myklebust (73. min)
 
HIL sitt lag
Kristoffer Grodås
Henrik Grodås
Håvard Sollid
Sindre Nordang
Robin Sande
Fredrik Drageset
Antonio Nygård Heggen
Verner Myklebust
Marius Lødøen  
Idar Nedre-Flo
Sturla Lødøen
Innbyttarar:
Alexander Røberg
Torbjørn Flåm
Andreas Seljeset
Eirik Lødemel
 
Neste kamp for herrelaget er borte mot Eid 2 mandag 19 mai!