Damelaget spelte i kveld uavgjort 2-2 mot Hasundgot. Kampen var jamn og begge lag kunne scora fleire mål.
Vi rakk ikkje starte stadionuret (joda vi knota litt, men…) før Hasundgot gjekk opp til 1-0. Kan det vere tidenes raskaste mål på stadion? Hasundgot heldt presset vidare, men kjem ikkje til dei store sjansane. Så er det veldig mykje bra spel av Honndalsdamene og dei snur kampen i løpet av 1 min. Iselin Oppheim og Julie Haugen scora kvart sitt mål og vipps 2-1 til heimelaget. Dette er også resultatet til pause. I andre omgong skapar begge laga mange sjansar, og heimelaget flest, men dessverre er det berre bortelaget som klarar å score og dermed endar kampen 2-2. Alt i alt ein veldig god kamp av Honndalen! Til tider meget godt spel og ikkje minst solid laginnsats gjer at ein får eit godt resultat mot eit godt lag.
Stig Høynes var sjølvsagt på plass! Sjå kampfakta og ein solid bildeserie på haugenfotball.no

Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

