Herrelaget starta sesongen med ein solid 4-2 siger borte mot Måløy 2 på Skavøypoll stadion.
Rasmus Bø vart kampens store spelar med 3 mål medan Aksel Sollid Seljeset scora 1 mål.

Coach Espe om kampen:
Turen gjekk til Polljen for gjengen frå Honndalen. Spenning blant både spelarar og trenarar til første kamp for sesongen, men med litt sjølvtillit ettersom 2 av 3 treningskampar hadde enda med siger. Vi starta kampen med høgt press mot Måløy2 sitt lag, og det høge presset fikk uttelling nesten umiddelbart. Med ein 4-4-2 formasjon, der dei 4 på midtbana har ein stor iver til å jobbe godt båre i forsvar og angrep, kom ein etter kvart til store sjansar. Allereide etter få minutt hadde HIL sjansen til å gå i ledelsen, då presset til HIL satt fint, men dei første forsøka var på utsida av stengene. Vi skulle likevel ikkje vente så lenge før målet kom. Rasmus Bø fekk moglegheit, igjen etter høgt godt press frå HIL, og Rasmus gjorde ingen feil. 0-1 etter drøye 9 min. Etter dette produserte HIL fleire sjansar, men måtte vente til ca 24 min, der HIL fikk straffe. Igjen var det høgt press som skaffa straffa, og Rasmus sendte keeper ein veg, og ballen den andre vegen, 0 – 2. Før straffemålet til HIL, hadde Måløy komt litt meir med i kampen, og hadde vist at dei var skumle på corner. Det var nettopp corner som var utgangspunktet til redusering 1-2, og det berre få minutt etter at HIL hadde skora. Litt slapt press gjorde at ein Måløy-spelar fekk stå heilt åleine på ca 8 meter og plassere ballen i mål. Dette målet gav Måløy blod-på-tann og kampen bølga mykje. HIL hadde framleis mange sjansar, og ein kunne lett hatt nokon mål til, men i staden var det Måløy som tok godt vare på sjansane og utligna til 2-2. Kampen såg til til å skulle gå til pause med stillinga 2-2, men nytt høgt press, og nokon hærlege dragningar, gjorde at Aksel kunne tappe ballen i mål berre få sekund før omgangen var over. Det hjelper godt på stemninga når ein går til pause med 2-3 ledelse.
Andre omgang vart jamnare en første, men frå sidelinja meinar vi trenarar at HIL heile tida var nokon knepp betre en Måløy. Hadde fleire sjansar der HIL kom nærmast åleine mot keeperen til Måløy, men målet var som regel nokon få centimeter for lite. Nokon taklingar, gule kort, skader, alt som føl med når det gjeld kamp i 6-divisjon vart status ut over i 2-omgang. Måløy var framleis veldig farlege på corner og dødball, men HIL rydda unna. Avgjørelsen kom i det 84 speleminutt, på kontring. Spørsmålet var om det var Rasmus Bø, eller målvakta til Måløy som skulle nå ballen først nesten på midtlinja. Rasmus vann duellen, og kunne trille ballen i mål frå ca 35 meter, til stor jubel frå medspelarar og trenarar. Etter trenarane sine vurderingar ein veldig fortjent siger: 2 – 4
Spelartroppen på 17 stk gjorde ein formidabel jobb i Polljen, og alle bidrog til at dette vart ein kruttsterk lagsiger! Takk for kampen 😊
Kampfakta:
Måløy 2 – Hornindal 2-4 (2-3)
Dommar: Yngve Haakonsen, Fjøra
Gule kort: Aksel Seljeset, Rasmus Bø, Jakob Leite + 2 til Måløy.
0-1 Rasmus Bø 9 min
0-2 Rasmus Bø (str.) 24 min
1-2 Artem Zolotko 25 min
2-2 Nazar Yakubov 38 min
2-3 Aksel Sollid Seljeset 45 min
2-4 Rasmus Bø 84 min

HIL sitt lag:
Johan Solberg
Arian Rødvik
Emil Abrahamsen
Oskar Guddal
Emil Haugen
Olander Espe
Aksel Seljeset
Rasmus Bø
Martin Aaland
Håkon Moen
Mathias Lødøen
Innbyttarar
Trym Helset
Jakob Leite
Martin Alnes
Dan-Phillip Torvik
Tarjei Heimlid
Ådne Staxrud
Arnt Olav Jåstad (ubenytta)
Resultat i dei andre kampane som vart spela i går:
Loen/Vikane – Stryn 2 4-3
Stadlandet – Haugen 2-2