Spelarprofil CARINA ELVEGÅRD REYNOLDS (FANNEMEL)

1991 – Carina klar for fotballtrening. Foto: Fjordingen

Carina tilhøyrer 1979-årgangen som både i aldersbestemte klassar og på damelaget tok Honndalsfotballen til store høgder. Dei gode opplevingane frå heimbygda overførte ho til eigne born i London. -Utan forbilde frå Honndalen hadde vi ikkje fått til det miljøet vi skapte i ein liten del av London, understrekar Carina.

1990 – Lillejenter
Bak frå venstre: Ola Roar Fannemel, Kristin Rygg, Nanna Muldsvor, Hildegunn Årskog, Elin Maurset, Maria Renate Lødemel,
Framme frå venstre: Lena Kristin Lillestøl, Randi Kristin Muldsvor, Carina Elvegård Fannemel, Marianne Maurset og Mariann Flo. Foto: Harald Vartdal.

Carina var 10 år gamal då ho byrja med fotball. -Pappa Ola Roar sette det i gang. Eg hugsar vi prøvde å få alle jentene i klassen min med på fotball. Trur kanskje flesteparten av dei 11 jentene i klassen min var med på eit eller anna tidspunkt i begynnelsen, fortel ho.

     Carina markerte seg tidleg som eit talent utanom det vanlege. 17 år gamal vart ho henta til toppklubben Arna Bjørnar. Der ein ryggskade sette stoppar for spelarkarriera. 

Men ho gav ikkje heilt slepp på fotballen. Gjekk dommarkurs og hadde ein del kampar i Bergen, og har fortsett med det i London. Tok også trenarkurs i London og har trent laga til alle tre borna. -Litt travelt med tre lag på forskjellige tidspunkt på samme dag, men det gjekk på ein måte det og! 
      Carina og andre foreldre danna også mammalag frå skulen ungane gjekk på i London, og fekk til både turneringar og inspirerte andre skular som gjorde  det samme, noko som resulterte i morofotball på sitt beste. -Fekk med søster Tonje på ei turnering her i London. Det var ekstra kjekt og spesielt, minnest Carina.

      -Ditt beste minne frå tida i Honndalsfotballen?
-Hugsar første sesongen då vi tapte det meste, men vann siste seriekampen. Det var fryktelig stor stas! Men for å vere heilt ærlig så hadde vi vel glømt resultatet når vi kom i bilen og skulle køyre heim.  Var mest opptatt av kven som skulle sitte i bilen 🤣

    Hadde mange talent på laget så vi hadde stor suksess etter dette, med kretsmeisterskap både ute og inne. Det var jo alltid litt ekstra spenning å skulle spele mot Loen og Oppstryn, mange talent der også, så i desse kampane var det særleg moro å vinne.

      Vi var vel mest opptekne av kor høge dei var som vi skulle spele mot…  Hugsar  pappa alltid sa; ja ja, men då får du heller springe rundt. Og så gjorde vi det…

1995 – damelaget er kretsmester 3 divisjon.
Bak frå venstre: Ola Roar Fannemel (trenar), Liv Bente Grothaug, Irene Lødemel, Nella Kathrin Flo, Maria Renate Lødemel, Åse Ørjasæter, Siri Frøholm, Anne Merete Sandvik og Odd Løvlid (oppmann)
Framme frå venstre: Eva Mørkedal, Carina Fannemel, Mariann Flo, Hilde Sætren, Marianne Vellene og Wenche Seljeset.

     Etter opprykk med damelaget til 1.divisjon spelte vi mot Arna Bjørnar heime. Tapte, men det føltest som siger. På laget hadde vi både unge og eldre som Connie og Irene. For nokre eldsjeler!  Maria Renate hadde oppdrag å følge landslagsspelar Margun Haugenes gjennom heile kampen. Og det gjorde ho så godt at Margun vart veldig frustrert og irritert. Dette fortalde ho meg då eg kom til Arna Bjørnar. Å møte Honndalen på heimebane hadde vore en av dei tøffaste kampane dei hadde hatt! 

    -Andre opplevingar du minnest?

-Gløymer aldri då oppmann Odd Løvlid køyrde over rundkøyringa i Ålesund på veg til innandørsturnering i Stavanger. Snøver og forferdeleg vinterføre. Men vi nådde flyet på Vigra.

2008 – Grodås Cup. Frå venstre: Cupdeltakar Alexander Røberg, og instruktørane på fotballskulen Carina Elvegård Fannemel og Tom Guldbrandsen. Foto: Fjordingen.

    Må også nemne bading på Reviksanden etter kampar i Måløy. Måtte stikke tåa i sjøen uansett kor kaldt det var.
    Edgar og Nora Flo/ Odd Løvlid laga dei beste sportsdrinkane for pausa. Vidare heim og hjelpe til med Grodås Cup. Takk Edvin. 
    Damelaget hadde fleire tilskodarar enn herrelaget på heimekamp- då føltest det som jente/damefotball blei tatt meir seriøst og at vi faktisk kunne å spele fotball vi også. Ikkje berre gutar!

      Trening om vinteren kunne vere  ganske Hard core- trakke til bana først for det var så mykje snø. Måtte bruke oransje ballar så vi kunne sjå dei igjen i snøkaven, forfrosne tær etter trening! 

Hugsar vi synst det var såååå kult med Adidas grussko, at vi også gjekk på fest i dei – det og Tonningstova college genser- vi var så kule! 🤣 🤦‍♀️ 

     -Beste medspelar i honndalsdrakt?

-Umuleg å berre nemne ein. Mariann Flo var forrykandes på venstre sida, med ei fantastisk venstre slegge, alltid der når du trengde ho, og hadde dei lange løpa ned venstre sida. Maria Lødemel var berre overalt heile tida, kjempa på kor enn ho var uansett. Maria was the ultimate force not to be reckon with. Nella Katrin Flo, kor kjekt det var å spele med ho som berre kjempa på og hadde sylharde skot med begge føttene. Synst alltid synd i keeperen som skulle stoppe ho! Nanna Pernille Muldsvor, for en forsvarsspeler ho var, ein kunne alltid stole på at ho ordna opp. Irene Lødemel, den dama har den beste jobbetikken ein kan få, lite stoppa ho på fotballlbana og elles.

3 Honndalsjenter på kretslaget. F.v. Mariann Flo, Carina Fannemel og Maria Renate Lødemel. Foto: ukjent.

     -Viktige personar i ditt fotballiv?

-Utan støtte fra mamma og pappa hadde eg aldri klart å oppleve alt eg gjorde. All den tid pappa brukte på trening og køyring er enormt. Pappa, Ottar Lødemel og Odd Løvlid med mange fleire brukte enormt med tid på på fikse og ordne bana i tillegg til køyring, henting og heiagjeng fra sidelinja, noken meir høgrøsta enn andre 🤣 
    Steinar Bakka og Gunnar Grodås med fleire, eldsjeler som har gjort så mykje for å utvikle og vedlikeholde fotball ‘community’ i Honndalen.
Og vil eg påstå den største krafta bak oss alle; alle foreldrene og ellers som var der i bakgrunnen og sørga for at vi hadde nyvaska drakter, mat og drikke på våre reiser. Edgar og Nora Flo hadde det beste vaskemiddelet forresten- draktene lukta sååå godt! 
Edvin Haugen, den ildsjela har jobba seint og tidlig for å utvikle spelartilboda så lenge eg kan hugse ❤️ 


     -Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?

-Veldig mykje, Nesten utruleg at ei så lita bygd kan ha så mange dyktige eldsjeler som legg ned eit enormt arbeid. Folk som jobbar gratis utan den oppmerksomheta dei fortener. Ofte tek ein ting for gitt og legg ikkje merke til dette før ein vert eldre. Eg er så takknemlig for alt som var lagt tilrette då vi vaks opp. Det kan ikkje setjast prislapp på slike tilbod gjennom ein oppvekst. 

    Ein merkar stor forskjell på bygd- og bytilbod. Her i London har ungane valmuligheiter  for det meste, men tida dei spelte fotball var noko av det beste dei tenkjer tilbake på. Uten forbilder heimanfrå hadde vi ikkje fått til det miljøet vi skapte også her i ein liten del av London. Moro på og utanfor  fotballbana, likedan som heime i Honndalen❤️

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball