Damelaget spelte i kveld treningskamp borte mot Volda 2. Kampen enda til slutt 4-4 etter at HIL leda 4-0. For Honndalsdamene vart dette fyrste treningsøkta på kunstgras i år sidan alle treningane til no har vore i Honndalshallen. HIL fekk låne keeper av Volda til dagens kamp.
Kampen vart spela over 3x 25 min.
Coach Haugen seier i ein kort kommentar at det vart ei veldig bra treningsøkt og ein kjekk kamp. For HIL sin del vart det 2 gode omgongar og ei fortent leiing 4-0. Ei leiing som kunne vore større om HIL hadde utnytte fleire av sjansane dei skapte. I den siste omgongen er strukturen i laget ikkje god nok og Volda scorar 4 mål i løpet av 12-13 min.


Frå venstre: Ivrine Grodås, Mathilde Bakke, Mathilde Årvik, Emine Espe og Vilde Muldsvor. Foto: Svein Otto Espe.

Neste treningskamp for damelaget er truleg 6 mars mot Loen.