Spelarprofil: ODDRUN KRISTIN HAUGEN

     -Di fotballkarriere?

Eg spelte for Hornindal fotball på jentelaget og damelaget fram til 1994.  I 1990 spelte eg ein sesong på Sandane. Og etter 1994 spelte eg på Lura damelag i Sandnes til 1998.

1991 – Oddrun Kristin på Norway Cup.

       -Beste minne frå Honndalsfotballen?     

1991 – Norway Cup.

Nokre av mine beste minne er frå dei kjekke turane på Norway Cup der vi kom til 16-delsfinale og med straffekonk. Vart nokre tårer når nokon bomma, men vi hadde det veldig kjekt med samhald og spenninga det var å kome til Oslo og bu på skular saman med mange andre.

Må også nemne jubelen når vi slo «fienden» Loen og kor adrenalinet vårt bobla over når vi spelte mot dei. Likeeins sigrane over Eid. 

        -Andre ting du vil nemne?

Dei kjekke turene med Honndalsbussen og sjåfør Anders Støverstein. Gløymer ikkje då vi fekk motorstopp nede i Gudbrandsdalen med den eldste bussen.      

Frå ein av mange bussturar. Foto: Oddrun Kristin Haugen

                                 
Av andre ting eg hugsar må vere treningene med Margun Lødemel; vi måtte av og til springe råsa fra fotballbana og opp til riksvegen og det var ikke alle som likte (litt grining) 🙂 Men vi fekk veldig god kondis som vi hadde nytte av på fotballbana. 

Ja, og så var det ei hending på Refvik der vi spelte kamp og keeper skaut ut og ballen bles tilbake i eige mål.

1993 og bortesiger 4-2 mot Syril – Bak frå venstre: Hilde Sætren, Rita Brendefur Espe, Liv Bente Grothaug, Britt Tomasgard, Yvonne Hjellbakk, Connie Bakke, Oddrun Kristin Haugen, Elisabeth Grodås Kroken, Marianne Vellene og Åse Støverstein. Framme frå venstre: Wenche Seljeset og Wenche Flåm. Fotoeigar: Oddrun Kristin Haugen
Dommarkortet frå kampen.

     -Beste medspelar i honndalsdrakt?

Det har vore mange gode medspelarar gjennom åra, men eg vil trekke fram Hilde Sætren som eg spelte mest med både på Honndalen og Sandane. Hilde spelte framme, skåra mål og var veldig rask. Så då var det for meg og stoppe ballen i forsvar og få den fram til Hilde.

      -Nokon i klubben du set ekstra pris på?                                                                                       Må vere alle dei vaksne som var der og gjorde fotballmiljøet trygt og godt for oss jentespelarane som var med. Ole Magnar Hessholm og Odd Løvlid var eit bra trenarteam på damelaget, dei stillte opp og det var alltid humor og glede.    

1993 – bortekamp i Sogn. Ståande til venstre to lengender i Honndalsfotballen Ole Magnar Hessholm og Odd Løvlid. Foto: Oddrun Kristin Haugen

         -Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?  
Samhald og glede. Det har vore kjekt å trene og halde seg i form når ein har så festlig gjeng å vere med. Alle fotballrevyane var og eit høgdepunkt der vi fekk prøve oss på scena med sang og revy.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball