FOTBALLMAMMA SIRI DYBEVOLL SOLLID

Det står alltid kvinner bak – så også innan fotballen. Siri Dybevoll Sollid har sjølv inga aktiv spelarkarriere, men kan vise til imponerande innsats for Honndalsfotballen/Grodås Cup. Og ikkje minst; Siri gav Honndalsfotballen tre born som har bidrege stort til klubben – Maria, Håvard og Andreas.

Grodås Cup 2007 – Siri Dybevold Sollid.

       -Korleis kom du med i Honndalsfotballen?

-Det starta med at eg vart oppmann for lillejentelaget, der Maria spelte. Min innsats dreia seg om vasking av drakter, køyring og praktiske ting. Fotball har eg aldri hatt peiling på. Ser scoringar og deltek på jubelen når eg ser gleda. Men sjølve spelet forstår eg meg ikkje på.

        Som mor til fem, har huset på Grøthåjen gjennom fleire tiår vore fullt av fotballsko, leggbeskyttarar, drakter og alt som fylgjer med fotballspelande born. Maria, Håvard og Andreas starta tidleg og er framleis aktive på dame- og herrelaget. Lars Roar var med fram til smågutt, medan Pernille let fotballen ligge til fordel av hesteriding.

      -Veldig kjekt å sjå at Maria har gjort comeback og spelar på lag med dottera Sigrid. På A-laget er Aksel lagkamerat med onkelen Håvard. No er også mine barnebarn Sanna, Ada og Synnøve i full gang med knøttefotball. Så her er mykje å gle seg over og fylgje med på, smiler Siri.

     I 1998 og 1999 var Siri styremedlem i fotballgruppa. Ei tung tid for Honndalsfotballen, ikkje minst økonomisk. Dansefestane som tidlegare var ei ganske sikker inntektskjelde, tapte i konkurransen med diskotek. Siri sin kommentar etter ein fest i Ljosvang på påska 1998 – der billettinntektene ikkje dekka orkesteret – blir hugsa:  -Vi hadde tent fleire tusen på å halde oss heime!

      1998 skulle likevel bli eit godt og minnerikt år for fotballen og bygda Hornindal: GRODÅS CUP. Der Siri sin effektivitet og gjennomføringskraft kom godt til nytte som kjøkkenansvarleg.

2001 – deler av hovudkomiteen. Bak frå venstre: Jan Valheim, Ove Fagerheim, Siri Dybevold Sollid og Helge Otterdal. Framme frå venstre: Connie Bakke, Steinar Bakka og Oddvar Espe.

-Vi var ein fantastisk gjeng som stilte på år etter år. På det meste serverte vi mat til over 1000 deltakar på Grodås Cup – frukost, betasuppe og kvelds. Betasuppa var ein klassiker som det endå går gjetord om, fortel Siri. Som også,hadde god hjelp av borna sine på dette arrangementet. -Å stå opp klokka 05 og vere med på tilrettelegging av frukosten laurdag og søndag var det kjekkaste dei visste!

Grodås Cup 2000. Ein driftig kjøkkengjeng. Frå venstre: Marit Lødemel, Turid Espe, Brita Frøysa, Siri Dybevold Sollid, Eli Tomasgard og Connie Haugen. Foto: Fjordingen.

     -Sjølv om du etter eige utsagn ikkje forstår deg på fotball, manglar det ikkje på gode minne?

-Nei, det skal vere sikkert. Ikkje minst dei mange reisene til og frå kamp. Fleire av foreldra hadde 10-seters bilar og desse turane var ofte like kjekke som sjølve kampane. Det sosiale har for meg vore sjølve drivkrafta, sluttar Siri Dybevoll Sollid.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball