Jarle Lødemel spelte i tidsrommet 1990 til 2003 for Hornindal, med unntak av nokre reine friidrettsesongar, guttelagsfotball i Stryn og også litt seniorfotball der.
-Beste fotballminne frå tida i klubben?
Det beste sportslege fotballminnet må nok vere då eg spelte på Honndalen sitt lag som vann juleturneringa i Strynehallen i 93 eller 94 (?) og vi spelte finalen mot Fjordingen sitt all star team. Trur vi vann 7-4 mot laget som bestod av blant anna Harald Lødemel, Eivind Karlsbakk, Håvard Flo og Tore Andrè Flo. Dette var ei stor oppleving, sjølv om det heilt sikkert betydde langt meir for oss enn for fotballproffane som var heime på juleferie Har også mange gode minner frå bussturane med bussen som var halvt buss og halvt sofa Den bakerste halvdelen av klubbbussen var innreia med ein voldsom stor sofa trekt av skinn frå Ekornes. DER hadde vi det kjekt på veg til og frå kamp!!
-Hending eg aldri gløymer?
Ei hending som sit som spikra var då min gode kamerat, Kjell Arne Vartdal, kom med følgjande uttale midt under ei trening etter ein diskusjon med trenar og far, Harald Vartdal: «Mi karriere som fotballspelar er over!» Eg ser det heilt klart føre meg at han tok dei svarte adidasskoa sine, med kvite striper, av seg og tok dei i hendene og gjekk bestemt rett ut av bana. Tippar Kjell Arne var 10 og eg 11 år då, og det som gjorde mest inntrykk var at han klarte å formulere seg på ein så tøff måte og brukte ordet karriere, som eg eigentleg ikkje heilt visste kva betydde Det var rett og slett ei sterk oppleving!
Her er det ein god del og ta av Kan for eksempel nemne ein episode på slutten av ein 7-ar kamp mot Haugen som eg hugsar om ein svært jamn kamp med mange mål. Trur vi leia 5-4 då det var 3-4 minutt igjen av kampen. Ein annan svært god venn, Sveinung Otterdal, var keeper og eg midtstoppar, og vi vart einige om at han skulle «pakke» ballen leeenge i håp om at dommaren skulle blåse av kampen Trur ikkje eg overdriv om eg seier at Sveinung stussa ballen i bakken langt over 20 gonger og han hadde nok gjort det langt fleire gonger om ikkje ein rimeleg tydeleg trenar (Harald Vartdal) sette ein klar stoppar for det taktiske grepet med ein tydeleg beskjed om at ballen måtte sparkast ut Det usportslege grepet straffa seg til slutt og kampen enda 5-5….
– Andre ting du har lyst å fortelje frå di fotballkarriere?
Elles har Hornindal fotball hatt stor innverknad på eit stort val vi tok ift buplass i 2003. Eg studerte då i Alta og hadde spelt for Honndalen sesongen i forkant av flytting nordover. På hausten var det ein kamp som var ekstra viktig av ein eller annan grunn. Hugsar ikkje om det var om å gjere å hindre nedrykk eller å rykke opp. Uansett var Steinar Bakka og Gunnar Grodås så ivrige på å vinne denne kampen at dei betalte reise for meg tur/retur Alta Hilde og eg hadde ingen planare om å flytte til Stryn i dei tider, med akkurat den helga gjekk eg heilt tilfeldig på ei visning på eit hus som var til salgs i Bø i Stryn. Vi likte eigendomen så godt at vi kjøpte den, flytta heim sommaren etter og har no budd her i over 20 år Det høyrer med til historia at vi tapte den kampen eg vart henta sørover til, så Steinar og Gunnar fekk vel heilt valuta for pengane dei la ut
-Din beste medspelar i honndalsdrakt?
Det var stor stas dei få gongane eg fekk vere med å trene med Harald Lødemel. Hugsar godt han var med på nokre økter i gymsalen då vi var ganske unge. Øktene klokka 10.00 på laurdagane bestod ofte av grupper med god aldersspreiing og var noko eg gledde meg veldig til! Elles må eg og ta fram Ståle Hatlelid som ei tid var trenar for seniorlaget. Hugsar at eg var veldig imponert over den fysiske forma til Ståle som då var langt inne i old boys alder. Den enorme spensten til denne ursunne, gjennomtrente og allsidige mannen resulterte i ein utruleg artig artikkel om Jostein Flo i VG i hans storheitstid. Jostein hadde fått i oppgåve å rangere (kanskje 10 stk) dei vanskelegaste motspelarane han hadde møtt i hovudduellar. Meiner han sette Neil Quinn på fyrste plass. I alle fall ganske sikker på at Ståle Hatlelid då vart sett opp på andre plass framfor storheiter som for eksempel Tony Adams! Det seier litt om Ståle sin kapasitet som eg tippar er ca 170 cm høg! På eige lag var min gode venn Rasmus Bakke ein svært solid og trygg makker på stopparplass ved sida av meg. Han hadde alltid mykje skitnare shorts enn meg etter kampane. Han kunne nemleg å sklitakle! Noko som imponerte meg stort og som eg aldri lærte
For meg var Harald Vartdal ein veldig viktig og flink trenar som eg har så mange gode minner frå tida ilag med! Han fekk meg til å slutte å stå å hoppe så høgt eg kunne kvar gong ballen kom til meg og skapte alltid så god stemning på treningane våre. Minna frå dei nemnde øktene i gymsalen på laurdagane set godt! Han var gjerne med å spelte ilag med oss, på same tid som han var vår lokale Arne Scheie og kommenterte spelet og gav oss oppmuntrande kallenamn langs med Dette er veldig gode minner og det er alltid så kjekt å møte Harald og mimre rundt desse!!
-Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?
Hornindal fotball har betydd mange gode minner frå ein god oppvekst i ei bygd som var veldig trygg og god å vekse opp i. Det er veldig kjekt å mimre rundt den tida og oppdage kor mykje kjekt som ligg lagra i bakhovudet! Dette vart kanskje i overkant lange svar, men ta ut det som de vil bruke! Lykke til med eit kjekt og viktig prosjekt med å presentere Honndalsfotballen gjennom 100 år Supert at de tek initiativ til dette!
Beste helsing Jarle