Frode Grodås 60 år!

I dag (24 oktober) fyller Frode Grodås 60 år. Fotballgruppa i Hornindal IL gratulerer spelaren og ambassadøren som meir enn nokon har gjeve oss store opplevingar og skapt stoltheit av å vere medlem av klubben.

1981 – Frode med klar målsetting. Foto/artikkel: Fjordabladet

Ingen gløymer korleis Frode som kaptein på det norske landslaget leia Norge til VM-siger over Brasil, korleis han heldt målet reint då Chelsea vann FA-cupen i 1997 og alle dei store prestasjonane på internasjonalt og nasjonalt nivå. Dette er grundig dokumentert og gjer at Frode Grodås sitt namn står med gullskrift i norsk fotballhistorie. 

17 mai 1997. Frode og Chelsea vinn FA-Cupen. Foto: ukjent

    -Korleis var det mogeleg for ein talentfull gut frå vesle Honndalen å kome så langt? Dette var vi faktisk inne på då Frode i september såg heimekampen mot Stadlandet.

For å finne svaret må gå meir enn fem tiår attende. Med to eldre brør – Robin og Gunnar – måtte vesle Frode finne seg i vere keeper når dei trena framfor garasjen til John Grodås på Sanden, uteplassen på Kirkhorn skule, fotballbana (dagens kunstgrasbane) og andre plassar der fotballen kunne trillast. Også oppe i leilegheita var det full rulle, der Frode frå han var to-tre år brukte døra til soverommet som mål. Ja, slikt var faktisk mogeleg med storarta og tolmodige foreldre som Karolina og Knut.

FjCupen 1975 – Grodås City
Bak frå venstre: Ove Bruheim, Per Seljeset, Rune Øen, Helge Otterdal, Stig Sunde, Gunnar Øen og lagleiar Terje Espe. Framme frå venstre: Steinar Lødøen, Ole Johnny Uthus, Oddbjørn Hjelle, Frode Grodås, Jan Arve Aarskog og Knut Sollid. Foto: Fjordingen

At denne treningsiveren gav resultat, såg vi då Frode debuterte i Fjordingen-CupeN. Med han som siste skanse var Grodås City så godt som uslåelege. Også folk frå fotballkretsen oppdaga etterkvart talentet frå Honndalen. Hugsar endå kor stort det var då han blei kalla inn til guttelandslaget.

1980/81 – G16 landslaget. Frode i midten bak. Foto: ukjent
Fjordingen 1 juni 1981

 Jamaldringen Jostein Flo som seinare feira store bragder saman med Frode, fortel ei historie som skildrar lagkameraten sitt vinnarinstinkt:

«Gutekretslaget til Sogn og Fjordane skulle spele kamp i Oslo. Heimelaget var kjempefavorittar og vi førebudde oss på tosifra nederlag. Men vi tapte med berre eitt mål takka vere fantastisk keeperspel av Frode. I garderoben jubla alle spelarane – med unntak av Frode som sat i ei krå for seg sjølv og irriterte seg over tapet…»

 Som venteleg var, fekk Frode ei kort karriere på Honndalen sitt A-lag. Her gjorde vinnarinstinktet  seg mest utslag i form av fleire scoringar som spiss(!) – før overgang til Sogndal. Der han som 17-åring fekk sin A-lagsdebut då Leon Hovland måtte kaste inn handkleet før bortekampen mot Lillestrøm. Sogndal vann sensasjonelt 1-0 etter fantastisk keeperspel av den unge honndølen.

Artikkel frå Fjordingen 4 juni 1982.

Arbeiderbladet på Hamar skreiv dette 5 juni 1982. Då fekk Frode fornya tillit i Sogndalmålet mot Ham/Kam etter kjempedebuten mot Lillestrøm helga før.

Seinare i karrieren feira Frode store triumfar med nettopp Lillestrøm, før overgangen til Chelsea og Schalke 04. 

Norge og kaptein Frode Grodås jublar etter siger over Brasil i fotball VM 1998. Foto: ukjent

Frode sin innsats og personlege eigenskapar gav han etterkvart kapteinsbindet på Norge. Å sjå vår fotballhelt leie laget til VM-triumfen mot Brasil – av mange kåra til norsk idrett si største bragd gjennom alle tider – står som det optimale høgdepunktet i ei fantastisk karriere. Og då vi som stolte honndøler kunne utbasunere: -FRODE GRODÅS ER DET BESTE EKSEMPELET PÅ AT EIN KAN NÅ LANGT SJØLV FRÅ EI LITA BYGD SOM HORNINDAL.

GRATULERER SÅ MYKJE MED 60-ÅRSDAGEN, FRODE!

Tekst: Harald Vartdal.
Foto/avisartiklar: Edvin Haugen

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball