Herrelaget tapte knepent sesongens siste kamp 2-1 mot Stryn. Håkon Moen sende HIL i føringa 1-0 etter 65 min. Herrane la ned ein solid jobb gjennom heile kampen, men på slutten heldt dessverre ikkje kreftene heilt inn. HIL hadde 0-2 inne, men målet vart annulert, og ingen skjønte kvifor det vart annulert.
Utlikninga til 1-1 var klar offside, surt! Stryn scora deretter sigersmålet 3 min på overtid.
Sjå kampfakta og bilder frå kampen på haugenfotball.no
Herrelaget har hatt ein tøff sesong, men spelarane har virkeleg gjort sitt beste! Etter vårsesongen så mista vi 7-8 spelarar som flytta pga. studie, militæret og nye jobbar. I tillegg har vi hatt enormt med skader og fleire av dei av det alvorlege slaget.
Til kampen i går hadde vi ytterlegare 7 spelarar på skadelista og fråvær pga. jobb. Dermed var det lenge usikkert om vi greidde å stille lag. Heldigvis har vi spelarar som strekke seg ekstra langt for å stille opp. Ingeborg Sætren spelar sin 2. kamp på herrelaget i haust og spelarar en kjempe kamp. Det er alltid skummelt å trekke fram enkeltpersonar, men Rasmus Hopland, for en mann! I ein kamp som på sett og vis er ubetydleg velge han å ta turen heim eins ærend frå Lillehammer for å hjelpe laget i sesongens siste kamp! ENORM RESPEKT, og TAKK RASMUS!

I tillegg så gjorde 2 spelarar som spelte i lag allereide i 1992 sesongen et lite comeback i går. No skal de seiast at dei ikkje var dei fyrste som var spurt, men so desperate var vi 😉


Foto: Ingelin Norevik
No er det nokre veker fri og så bjønde vi å sjå mot 2025 sesongen. Vi er ikkje i tvil om at Hornindal stiller lag neste sesong, men vi er utan tvil avhenging av spelarar utanfrå for å klare å stille.
Eit godt eksempel på dette er “Voldastudentane”, Martin x2 og Rasmus x 2. For ein innsats de har lagt ned i form av km og tid til og få trening. De har stilt opp på dugnader og bidrege både på og utan for bana! Tusen takk! Stor takk også til Dagmund og Gunnar som losar denne ustyrlege gjengen frå veke til veke!