Herrelaget spelte ein god kamp mot eit godt Måløy 2 lag i kveld. Kampen enda med 4-2 siger til gjestane, men ut i frå spel og sjansar så kunne resultatet fort vore en heimesiger.
2 straffebom, treff i tverrleggar,treff i stonga og annulert mål for angrep på keeper som var en rein duell om ballen så hadde ikkje HIL marginane med seg. Når vi i tillegg gjev vekk billige mål til gjestane så reiser poenga “fortent” til kysten i kveld.