Knepe tap for damelaget

Damelaget tapte i går kveld (onsdag) knepent 3-2 borte mot Hovdebygda.

Jan Rune Oppheim som fungerar som hovudtrenar når sjefen sjølv er på jobbreise i Kina, seier følgande om kampen:
I en jamnspelt fyrsteomgang starta «Bøgda» best og gjekk opp i en 1-0 ledelse. Honndølene kom etterkvart bedre med og Silje sette inn ei fortjent utlikning til 1-1 med eit skot som gjekk over keeper og i mål. Andre omgang starta litt som fyrste, med dominans frå heimelaget, og to mål. Igjen tok Honndølene meir over mot slutten av omgangen, og det vart ei skikkeleg kanonade mot heimemålet mot slutten av kampen etter at Ingeborg satte inn utlikinga til 3-2. Litt surt å ikkje få inn ei utlikning på alle sjansane på slutten, men syns totalt sett at vi gjer en god kamp, mot eit godt og spelande lag frå Hovdebygda.

Målscorarane f.v: Silje Birkhol og Ingeborg Sætren.

Kampfakta
Hovdebygda – Hornindal 3-2 (1-1)
Stadion: Gullhøna, Hovdebygda kunstgras.
Dommar: Barlla, Eid IL
Kort: ingen
Mål:
1-0 Rikke Follestad 13 min
1-1 Silje Birkhol 31 min
2-1 Vår Nystøyl Kleppe 55 min
3-1 Rikke Follestad 59 min
3-2 Ingeborg Sætren 88 min

Hornindal sitt lag:
Susann Gausemel
Mathea Haugen
Evelina Sætren
Sofie Høgalmen Støverstein
Annette Lillestøl
Siri Oline Lillestøl
Ingeborg Sofie Sætren
Mona Kleppe Skåden
Iselin Yri Oppheim
Julie Haugen
Silje Birkhol

Innbyttarar:
Karoline Aarflot Skjåstad
Elisebet Kanutte Hamre Lødemel
Malin Melvoll Muldsvor
Ida Seljeset Haugen



Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball