Solid forsterkning for damelaget!!

Ingeborg Sofie Sætren har i kveld meldt overgong frå Molde FK til Hornindal. Etter 3 år i Molde og spel i 2. divisjon har Ingeborg bestemt seg for å vende heim til moderklubben. For laget vårt blir dette ei solid forsterkning og ein boost!! Vi ser fram til å sjå Ingeborg i Honndalsdrakta igjen. Overgongen er allereide i orden og ho er speleberettiga for HIL f.o.m. i morgon 15 august. Fyrste kamp for damelaget etter sommarferien er heimekamp mot MTG komande mandag kl.19.00.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball