Torsdag spelte damelaget heimekamp mot Volda 2. Eit godt og rutinert Voldalag vann fortent 4-0. Stillinga til pause var 2-0 til Volda.
I store delar av kampen var HIL godt med i spelet, men greidde ikkje å skape dei store sjansane.
Alltid skummelt å trekke fram nokon, men verdt å nemne at Sofie Støverstein spelte ein solid kamp i midtforsvaret for heimelaget. Heile laget kjempa godt gjennom heile kampen!
Allereide i dag (mandag 17 juni) spelar damelaget ny kamp. Denne gong er det bortekamp mot MTG. Kampen har avspark på Tjørvåg stadion kl.18.30!