Spelarprofil: NILS R. HAUGEN

Intervju v/ Harald Vartdal

Nils R. Haugen har lang fartstid som spelar, trenar, leiar og oppmann. Han var spelande trenar då Hornindal i 1971 rykka opp til fjerde høgste nivå i norsk fotball. Etter den aktive karriera har Nils vore trenar for damelaget og ei rekkje lag i aldersbestemte klassar.

1971 – Nils R. Haugen.

Mitt første store fotballminne skriv seg til 1964. 19 år gamal fekk eg vere med på laget som vann Honndalscupen. Der spelte eg saman med Ottar Lødemel, Amund Taraldset, Magnar Lien, Atle Tomasgard, Magnar Lødemel, Reidar Lunde, Per Otterdal, Rasmus K. Otterdal, Inge Løvlid og innlånte Einar Fet (VRF).

1964 laget som vann Honndalscupen. Bak frå venstre: Ottar Lødemel, Einar Fet, Amund Taraldset, Magnar Lødemel, Nils Haugen og Atle Tomasgard.
Framme frå venstre: Magnar Lien, Reidar Lunde, Per Otterdal, Rasmus Otterdal og Inge Løvlid. Fotoeigar: Atle Tomasgard.

Fotballkarriera til «Nils i Håja» starta på 1950-tallet med m.a. grendacup, der bygda var delt inn i fire soner – Kjøs, Sanden, Grenda og Inidalen. Desse gutelaga møttest til intense og prestisjefylte kampar.

 Utdanning og militærteneste gjorde at Nils på 1960-talet veksla mellom spel for Hornindal, Stryn, Eid og Sørreisa. Med lærarpost og bustad på Blakset i 1969, tok Nils på seg rolla som spelande trenar for Hornindal A-lag. To år seinare kunne ein juble for Hornindal sitt historiske opprykk til 4.divisjon.

Vi hadde vintertreningene i Lødemel skule. Ettersom  bana i Prestegardsøyane (noverande kunstgrasbane) blei rehabilitert, måtte vi nytte Fura til utandørstreningar og kampar, fortel Nils.

Hornindal sitt første opphald i 4. divisjon vart med 1972-sesongen – der laget spelte heimekampane i Loen og Stryn. Sjølv om det blei lite med poeng, var det stort sett jamne kampar mot sterke lag.

1975 – Honndalscupen. F.v. Nils Haugen, dommar Lars Englund og strynespelar Arne Hool.

     -Når spelte du din sist A-kamp for Hornindal?

I 1980 då Hornindal igjen rykka opp til 4. divisjon. Vi slo Svelgen 3-0 i sesongavslutninga og eg fekk æra av å score siste målet.

     -Ditt beste minne frå Honndalsfotballen?

Opprykket til 4. divisjon og KM-tittelen i 1971 ragar høgst. Som vinnar av 5. divisjon i Nordfjord møtte vi Vik (Sogn) og Førde (Sunnfjord) i kampen om to opprykksplassar og kretsmeisterskap. Før det siste oppgjeret i Førde hadde vi allereie rykka opp. Dermed kunne vi seinke skuldrane. Ein enorm forsvarskamp på grusbana i Førde gav 1-1 og KM-pokal.

  • Men før dette sluttspelet skjedde det dramatiske ting inne på Fura?

Ja, vi møtte Haugen i den avgjerande kampen om å bli beste 5.divisjonslaget i Nordfjord. Hauarane hadde sikra seg ei solid leiing i det kampen gjekk mot slutten. Då var det ein tilskodar som tok ballen og nekta gje han frå seg. Dommaren bles av kampen. Noko som enda med protest, der vi også peika på at Haugen hadde tre spelarar med same draktnummer og feil regelbruk i det ein av våre spelarar sparka av seg skoen. Protesten vart teken til fylgje, og i omkampen på Stryn stadion vann vi 5-0 etter fire scoringar av Håkon Raftevold som blei henta heim frå militæret.

1977 – Honndalscupen. Nils R. Haugen heilt til høgre i bildet og sikrar ved stolpen. Foto: Lars Lunde.

-Andre hendingar du aldri gløymer?

Då kan eg først nemne ein juniorkamp i Måløy. Keeperen vår stod ved eine målstolpen i intens prat med nokre smekre måløyjenter og såg ikkje skotet frå midtstreken. Den uvanlige scoringa resulterte i vill jubel frå publikum og motspelarar. Til og med vi lagkameratane måtte le.

Har også ei oppleving av den heller triste og skamfulle sorten. Eg gjekk realskulen på Sandane og var tilskodar då Hornindal spelte opprykkskamp mot Dale på Sandane stadion. Kampen utarta der både honndalsspelarar og folk på sidelinja oppførte seg på ein måte som ikkje høyrer heime på eit stadion. Mellom anna var det ein honndalsspelarar som sprang over halve bana og sparka ei motspelar i baken.

Attende til det sportslege og kjekkare. På ei cupturnering i Stryn i 1968 tapte både vi og ÅFK våre innleiande kampar. I bronsefinalen leia ålesundarane 2-1. Vi fekk straffespark og eg scora. Kampen enda 2-2 og gav Hornindal god omtale.

Eit lite utklipp frå Fjordingen si omtale av kampen mellom Hornindal -og ÅFK på turneringa i Stryn i august 1968.

-Beste medspelar i honndalsdrakt?

Mitt svar er heile 1971-laget.

-Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?

Mykje godt kameratskap og mange gode minne. Heile familien min har hatt stor glede av fotballen. Eit aktivt og godt idrettsmiljø har stor verdiforankring ei bygd som Hornindal.

-Ditt ønskje for Honndalsfotballen i framtida?

At vi stabiliserer oss på eit rimeleg bra nivå og at klubben gjev tilbod til alle som vil spele fotball.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball