Spelarprofil: KNUT LILLESTØL

Intervju v/ Harald Vartdal

Knut Lillestøl debuterte på A-laget som 16-åring i 1962. I ein alder av 49 og 53 år gamal spelte han sin siste seriekampar – om enn noko ufrivillig. Han har vore formann og oppmann i fotballgruppa.

1962 – Knut Lillestøl er keeper på turnering i Stryn.

     -Korleis starta du det som skulle bli ei lang og innhaldsrik fotballkarriere?

I min oppvekst var det slik at vi strikane reiste bort på bana når det var A-lagstreningar – der dei spelte 11 mot 11. Når det mangla folk anten til å stå i mål eller spele ute, fekk vi vere med.

-Hugsar du din første kamp på A-laget?

Ja, det var ein treningskamp mot Haugen ute på Klenkarberget sommaren eg fylte 16 år. Eg kom ned på Sanden i det laget var klar til avreise, «Ka du fer her og sjeivar etter. Kom deg opp att og hent keeperutstyret», var den klare beskjeden frå  Magnar Lien. Hugsar då vi stod og bytte om og Knut O. Lødøen  som jobba på Eid, lurte på om vi kom utan keeper. «Han der skal stå i mål», sa dei og peika på meg.

-Og korleis gjekk kampen?
Vi klarte 2-2. I seriekampen vart det tap, men då stod ikkje eg i mål, ler Knuten.

-Din siste kamp som utespelar var som 49-åring i 1996, er du vel lei av å kommentere?

Du siktar til då vi køyrde feil og tapte 18-0 mot Fure. Men dette vart ikkje siste kampen. Seinare i sesongen måtte eg som oppmann igjen steppe inn fordi vi ikkje klarte å stille 11 mann. Det var ein kamp i Sogn der eg spelte spiss.

Foto: Harald Vartdal, Fjordingen 24 april 1996

I 1999 var Knut å finne blant publikum, men skader på utespelarane gjorde at Knut steppa inn som superreserve i store deler av 2 omg. Inge Mathias Tvinnereim (ikkje Stian Taraldset som det står i artikkelen frå Fjordingen) var dagens keeper, men med Knut sitt “comeback” kunne Inge Matias bidra ute på bana. Med Knut i mål drog Honndalen i land 5-3 siger mot 6 divisjonskollega Heia.

Artikkel frå Fjordingen 27 september 1999.

– Beste fotballminne?

Opprykkskampen mot Haugen på Stryn stadion hausten 1971. Vi vann 5-0 og eg stod i mål. Håkon Raftevold som vart henta heim frå militæret, scora fire mål. Heilt på slutten fekk Haugen frispark frå god posisjon. Hugsar at Ottar ropte: «Ta det med ro, Knuten tek alt.»

-Spesiell oppleving du hugsar godt?

Ein kamp i Svelgen då vi reiste med båt, heile laget budde hos Albert Olafsen. Vi spelte kamp og hadde ei storarta helg.

-Korleis gjekk kampen?
Eg hugsar ingenting frå kampen, men festen var fantastisk….

-Din beste medspelar i honndalsdrakt?

Av utespelarar var Amund Taraldset i klasse for seg. Men eg må også få nemne Knut R. Grodås som gav meg si polstra keeperbukse då han la opp. Han var heilt fantastisk. Eg har sagt til Frode at han er nest beste keeper i familien. Det står eg ved.

-Person i klubben du set ekstra høgt?
Rasmus Øen. Han gjorde ein enorm innsats på mange område. Ein fantastisk person.

Lagbilde av vinnarlaget Honndalscupen 1968. Bak frå venstre: Rasmus Øen (formann i idrettslaget), Ståle Lødemel, Nils Haugen, Magnar Lødemel, Ottar Lødemel, Oddvin Lødøen og Lars Lunde.
Framme frå venstre: Knut O. Lødøen, Rolf Myklebust, Terje Espe, Knut Lillestøl og Inge Løvlid.
Foto: Fjordingen

-Kva har fotballen betydd for deg?

Veldig mykje sportsleg og sosialt. Kameratskap og moro som eg ikkje ville vore forutan.

2009 – Knut Lillestøl og Sverre Heggen i samtale i forkant av kampen mellom Hornindal Old Boys og a-laget under kulturdagane.

-Og fotballen si betyding for bygda?

Cuphelgane var eit årleg høgdepunkt. Fotballkampar med masse publikum og kjempefestar på Lønje. Dette var noko vi alltid såg fram til. Og uansett korleis sesongen arta seg, var det viktigast å slå Stryn i Honndalscupen….

-Ditt ønskje for Honndalsfotballen i framtida?

Eg vonar interessa vil ta seg opp att og at dagens unge og vaksne får oppleve same gleda som eg har hatt av Honndalsfotballen.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball