Spelarprofil: BOTTOLV GRODÅS

Markerte seg tidleg som lynrask forsvarsspelar. Var ikkje fylt 18 år då han debuterte på A-laget – der han var sentral i mange år. Etter at Bottolv la fotballskoa på hylla, trente han A-laget i to sesongar.

1983 – Bottolv Grodås ein av to målscorarar i heimesiger 2-1 mot Selje. Foto: Fjordingen

     -Hugsar du din første kamp på A-laget?

Ja, det var serieopninga i 1972, der vi som nyopprykka 4.divisjonslag møtte Eid på bortebane. Var så nervøs at eg knapt sov natta før. Vi tapte med fire mål.

       -Og siste kampen du spelte?
Det var ein 5.divisjonskamp i Måløy. Eg hadde lagt opp, men måtte vere med fordi laget mangla folk. Denne kampen vann vi.

     -Beste minne frå tida i honndalsdrakt?

Ein cupkamp mot Dale midt på 70-talet. Som 5.divisjonslag vart vi invitert til Førdeturneringa. 3.divisjonslaget Dale var på den tid eit av beste laga i fylket. Ingen på Førde stadion trudde Hornindal hadde noko å stille opp mot Dale sine stjernespelarar. Så det gav gjenlyd då vi gjekk av bana med siger 3-0. Avisomtalen karakteriserte Hornindal som eit meget godt lag, og der dei også trekte fram keeperspelet til Per Øen.

Artikkel om kampen mot Dale er henta frå Firda 5. juli 1977.

    -Andre opplevingar du vil dra fram?

Det må bli då vi fekk besøk av det tyske laget Blau-Weiss Duisburg. Eg fekk kapteinsbindet fordi eg har den einaste på laget som snakka tysk. Etter kampen kom tyskarane sin storscorar bort til meg og sa at eg var raskaste og beste midtstoppar han nokon gong hadde møtt. Slikt gløymer ein aldri.

8 juni 1976 – artikkel henta frå Sunnmørsposten

     Hugsar også at tyskarane overrekte store kuffertar med brukte sko, klede og andre innsamla ting. Dei hadde nemleg høyrt at det stod dårleg til på landsbygda i Norge. Godt meint, men dei brukte tinga vart aldri delte ut i Honndalen.

   -Din beste medspelar i honndalsdrakt?

Gunnar Grodås var på sitt beste heilt enorm. Gløymer aldri ein cupkamp der han dribla alt som var av eidaforsvarar og scora. Gunnar kunne åleine avgjere kampar med sitt eminente angrepsspel.

Min midtstopparkollega Robin Grodås var den eg hadde best samspel med.

    -Kamp du aldri gløymer?

Ein heimekamp mot Høyang der eg scora eit av mine få mål. Fekk kjempetreff på frisparket utanfor 16-meteren og ballen suste i mål, utan sjanse for keeper Kåre Jan Mjellelid.

Artikkel om Høyangkampen frå Fjordabladet 8 august 1982.

    -Person i klubben du set ekstra høgt?

Lars Dybevold. Kjempekompis og lagkamerat – alltid lojal og pliktoppfyllande.

    -Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?

Veldig mykje. Først og fremst kameratskap og gode opplevingar. Som spelar fekk eg også sjå heile fylket. Ja, det er vel knapt ei bane i Sogn og Fjordane eg ikkje har spelt på.

Ein sentral duo rundt herrelaget på starten av 1990-talet. F.v. Steinar Bakka, Bjørn Solum og Bottolv Grodås. Foto: Fjordingen.

    -Fotballen si betydning for bygda Hornindal?

-Samhald og patriotisme. I mi tid som spelar var det alltid mykje folk på kampane. For mange honndøler var dette eit høgdepunkt i veka.

    -Korleis vurderer du Honndalsfotballen si framtid?

-Her er i dag baner og fasilitetar vi aldri kunne drøyme om. Men når det gjeld å få fram gode lag, er det berre ein ting som gjeld: Trening. Både felles trening og eigentrening. Ingen blir god av å prate fotball eller sjå kampar på TV!

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball