Spelarprofil: JANNIK HÅSETH SALVESEN

Med pappa Sigurd Salvesen som trenar og primus motor, var Jannik med på oppstarten av jentefotballen i Honndalen. Ho markerte seg som eit stort keepertalent, noko som m.a. gav henne FjordingeN-CupeN sitt stipend. Det var i 1982 vi starta opp jentefotball med spelarar i hovedsak fødde i 1969, 70,  71, og 72. 70-gjengen var nok største gruppa, der så godt som alle jentene i klassen var med, minnest Jannik.

Artikkel frå Fjordingen 14 februar 1983.

      -Hugsar du første kampen?

Det var mot Sunnylven på Hellesylt. Vi tapte enormt, 9-0 om eg ikkje hugsar feil.

Artikkel frå Fjordingen 28 mars 1983

     -Etterkvart vart det betre opplevingar?

Ja, sigeren i Sunnmørscupen står som eit høgdepunkt. Anne Otterdal scora i ekstraomgangene og vi kunne ta med pokalen heim til Honndalen. Stor stas.

Eg minnest også FjordingeN-CupeN der eg vart kåra til beste spelar. Stod i mål i ein diger søylepytt på Stryn Stadion. Slengde meg i alle retningar – møkkete og søkk våt. 

I januar 1985 fekk desse 6 ungdomane Stimulansestipend i FjCupen.
Bak frå venstre: Jannik Salvesen, Asbjørn R. Sunde og Hege Høgalmen. Framme frå venstre: Even Kroken (også frå Hornindal), Geir Inge Rake, Ole Petter Hoff og Johan Sigrudsson. Foto: Fjordingen.

      -Andre ting du kan nemne?

Sabadraktene! På denne tida delte SABA i Tønsberg ut gratis drakter mot reklame. Hugsar det var mykje om og men korvidt vi skulle spele med desse draktene. Men vi heva oss over kommentarane og køyrde på☺️

     Elles hugsar eg godt bussturane i den gamle idrettslagsbussen, ofte med Anders Støverstein bak rattet. Og alle gongane pappa køyrde heim mange av spelarane i sin gamle og utruleg stygge Datsun. Stappa inn rubbel og bit, bygde opp i høgda. Alt anna enn lovleg.

      -Kva betydde fotballen for deg før du og familien flytta frå Hornindal?

-Fotballen var samlande og skapte fellesskap. Eg er min far evig takknemlig for at han tok på seg oppgåva med å starte jentefotballen i Honndalen og var så oppofrende for oss alle.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball