Spelarprofil: Irene Lødemel

Irene byrja med fotball på seniornivå, då her ikkje var jente/damefotball i hennar oppvekst. 

Irene Lødemel i 1991

-Eg starta med fotballtrening på Eid då eg gjekk på gymnas. Men Margun, Stine Grodås og eg melde oss inn i Sunnylven og spelte nokre sesongar der før Hornindal begynte med damelag. Så var eg aktiv innimellom fødselspermisjonar… og spelte min siste kamp då eg var 37 år på lag med mellomste dotter Marte. Siste åra var eg med kun som kriseløysing då dei ikkje klarte stille fulltallige på kamp.

Damelaget i 2010. Bak frå venstre: Linda Kristin Tomasgård, Samuline Seljeset, Malin Tomasgard, Beate Lødemel, Anne Marte Espe, Ivrine Kristensen og Marianne Seljeset. Framme frå venstre: Anja Tomasgård, Nina Tomasgård, Helene Maurset, Tonje Fannemel, Helene Otterdal, Irene Lødemel og Emilie Houm Otterdal.

         -Ditt beste fotballminne frå tida i honndalsdrakt?

Opprykket til 1.divisjon. Men foranledninga var at vi tapte opprykkskampen mot Florø på hausten. Vi leia 5-0 og tapte. Eg laga sjølvmål og heada inn 6-5 målet til Florø. Men dei ville ikkje rykke opp, og vi fekk plassen. Så det enda godt! Møtte mange gode lag i Bergensområdet, og rykka ned att året etter.

     -Eit anna høgdepunkt?

Deltaktig på Norway Cup. Flott oppleving sjølv om vi rauk ut i 16.delsfinale mot Clausenengen i straffekonk.

     -Ei oppleving som sit klistra i minnet?

Vi slo ut Kaupanger i fylkesfinale i KM innendørsfotball og gjekk vidare til Stavanger, der vi møtte Klepp og Sandviken. Tapte begge kampane. Turen til Vigra var ein opplevelse i seg sjølv på vinterføre. Odd Løvlid og Per Are Verlo køyrde kvar sin bil. Vegen var islagt, så når vi skulle ta av i rundkøyringa på Blindheim for Per Are i brøytekanten til høgre. Odd like bak tok sikte på midtrabatten. Der stod vi og skulle nå eit fly…. Vi fekk hjelp av brøytemannskap som tilfeldig kom forbi.

1995 – HIL vart kretsmester innandørs etter 3-2 siger mot Kaupanger i finalen. Bak frå venstre: Carina Fannemel, Siri Frøholm, Nella Katrin Flo, Wenche Seljeset og Anne Merete Sandvik. Framme frå venstre: Maria Renate Lødemel, Irene Lødemel og Mariann Flo. Foto: Fjordingen


     -Andre ting du ønskjer å fortelje frå di lange fotballkarriere?
Vi var på bortekamp ute i Leikanger på ei grusbane. Vår gode ving Britt Tomasgard kom på raid mot mål og vart felt. Ho vart så irritert at ho tok ein neve grus og kasta på syndaren. Dermed direkte rødt kort.

I ein heimekamp mot Bremanger skulle eg dekke opp deira stjernespelar Anette Igland. Ho var så rask at eg tenkte eg skulle ligge tett på henne, men ho stakk ifrå meg når ho fekk langpasningar. Så la eg meg lenger frå, men då fekk ho ballen i beina og stakk ifrå då og. Håplaus oppgåve for meg. Ja vi tapte!

      -Beste medspelar i honndalsdrakt?

Vanskeleg å velje mellom mange gode som eg fekk spele saman med gjennom åra. Oddrun Kristin Haugen, ei klippe i forsvaret, Kirsti Frøysadal og Hilde Sætren – kjappe og gode angriparar,  Nina Flo – dyktig og hardtarbeidande.

Damelaget i 1991. Bak frå venstre: Odd Løvlid, Wenche Seljeset, Irene Lødemel, Solgunn Øen, Anne Berit Maurset. Connie Bakke, Linda Taraldset, Elisabeth Haugen, Nina Leivdal og Ole Magnar Hessholm. Framme frå venstre: Margunn Lødemel, Liv Bente Grothaug, Bodil Leivdal, Hanne Solum, Marsha Faulk, Oddrun Kristin Haugen, Hilde Sætren og Marianne Vellene. Foto: Fjordingen.

      -Nokon i klubben du set ekstra høgt?

Her må eg nemne fleire; trenarane Ole Magnar, Ola Roar, Per Are, Ståle og ikkje minst vår fantastiske oppmann gjennom mange år Odd Løvlid.       

 -Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?
HIL fotball har betydd mykje for meg frå tidleg barneår. Var fast inventar på kampar då far var med, og sidan når søsken, eg sjølv og våre barn spelte. 
Fekk mange gode venner gjennom fotballen, delte gode opplevingar. 
Eit flott miljø å vere i, er glad i aktivitet og spenninga som fotballen gir.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball