Reidar Jarle Støverstein spelte på A-laget frå 1984 til 1997.
Ditt beste minne frå tida i klubben?
Det må vere då eg scora mål i første A-lagskamp, cupkamp mot Hellesylt, målet kom etter 8 minutt i fyrste omgong.
-Ei hending du aldri gløymer?
Bortekamp mot Tornado, vann 3-2. Eg fekk annullert mål 4 minutt før slutt, men scora vinnermålet 1 minutt før dommaren bles av kampen😃
-Andre ting du har lyst å fortelje frå di tid i klubben?
Stas å bli kåra til turneringens beste spelar i 1991, en kjekk tur til Newcastle på opprykkstur, turen til Lillestrøm, ilag med en fantastisk gjeng, Syns hugse det var snakk om english breakfast😆, ei fin tid👍
-Din beste medspelar i honndalsdrakt?
Kunne ramsa opp mange namn, men Ståle Hatlelid og Knut Jarle Kroken blir nok svaret mitt.
– Person i klubben du set ekstra høgt? Eg set alle eg har fått spele med, og dei som har hatt ei oppgave rundt HIL fotball like høgt!
-Kva har Honndalsfotballen betydd for deg?
Svært mykje. Eg er stolt over å ha fått lov å vere med på A laget som 16 åring, var eit godt samhald og ein god kameratgjeng. Kunne ha nemnt mykje meir om tida som spelar for Hornindal. Glad og stolt over å ha fått vere med på mykje kjekt ilag med flotte folk.