Rasmus Bø sikra eit poeng for HIL

Herrelaget starta sesongen med uavgjort i bortekampen mot Loen/Vikane i kveld.

Fyrste omgong var jamn, men med eit overtak sjansemessig til HIL, men det er mållaust til pause.
Tidleg i 2 omg. rotar HIL det litt til for seg sjølv og bidreg til at Loen går opp i leiinga 1-0. Etter halvspelt omgang utlikna Rasmus Bø til 1-1. Siste 10 min pressar Loen/Vikane på for å sikre sigeren, men eit skadeskote HIL-lag held stand og sikrar seg 1 poeng i serieopninga.

Rasmus Bø scora som i fjor mål i seriepremieren!



Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball