Eg spelte fotball heilt frå vi begynte på fotball i tidleg skulealder, og fram til eg gav meg rundt 2009/2010.
-Ditt beste fotballminne frå tida i klubben?
Eg har mange gode minne frå den tida. Det beste sportslege minnet må vere då vi rykte opp til 4. divisjon i 2005.
-Hending du aldri gløymer?
Frode Grodås med sitt All Star Team i avskjedskampen på Hornindal stadion i 2004, då vi fekk spele mot mange store fotballnamn.
-Beste medspelar i honndalsdrakt? Dei andre 10 som gjorde laget på bana komplett til ei kvar tid.
-Person i klubben som du set ekstra høgt?
Edvin Haugen!
-Kva har Hornindal fotball betydd for deg?
Fotballen har betydd mykje for meg. Både sportsleg og sosialt. Det var kjekt å vere med på turen fra botnen av 6. divisjon og opp til 4. divisjon (og ned igjen til slutt). Det var mykje reising rundt om i fylket for å spele kamp og ein fekk sjå og oppleve mange fine plassar. Heimturane i bil (og buss nokre gongar)var spesielt kjekke om kampen vart spelt på ein fredag eller laurdag☺️