Damelaget serieopnar til helga

Komande søndag (7 april) kl. 14.00 startar damelaget når HaNo gjestar Hornindal stadion. Som alltid er det gratis inngong på kampen. Vi håpar at de heller brukar litt pengar i kiosken vår.

Ein tøff kamp ventar heimelaget då HaNo i Sunnmørsposten (scroll ned på artikkelen) sitt tabelltips er spådd som eitt av topplaga i divisjonen.

Heimelaget sin tropp er skrantande siste veka før seriestart. Mange spelarar slit med feber og forkjølelse og dermed er det litt usikkerheit i laget fram mot avspark. Vi kryssar fingrane for at dei fleste blir frisk att kjapt og at heimelaget stille sterkast mogleg i seriepremieren.

Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball