Årets fyrste signering er i boks!

Herrelaget har signert en ny spelar. Denne spelarane har som namnet røper slektsrøter frå Hornindal. Ca. 70 år etter at bestefar Atle Grodås (nr. 2 bakerst frå venstre) spelte på juniorlaget og herrelaget skal no barnebarnet Martin Grodås Alnes i kle seg honndalsdrakta. Martin er oppvaksen i Sykkylven, men no bur og jobbar han i Volda.

Juniorlaget til Hornindal i 1951.
Bak frå venstre: Knut O. Lødøen, Atle Grodås, Ola L. Lillestøl, Ottar Espe og Rasmus Tomasgard.
Midten frå venstre: Ottar O. Lillestøl, Amund Taraldset og Idar Grodås.
Framme frå venstre: Rasmus K. Grodås, Ivar P. Seljeset og Lars Tomasgård.
Martin og en førnøgd Dagmund etter signeringa.

Formalitetane er ikkje i orden enda, men vi reknar med at overgongen er i boks i løpet av få dagar. Vi ynskjer Martin velkommen til klubben!

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball