Bø og Bøe senka Stadlandet

Herrelaget vann i går kveld 2-1 borte mot Stadlandet. Rasmus Bø sende HIL i leiinga 1-0 i fyrste omg. Dette var også pauseresultatet. I 2 omg. utlikna Stadlandet før nysigneringa Eirik Lødemel Bøe scora sigersmålet. Ein herleg siger i ein tøff bortekamp.

Eit kort dykk i historikken viser at dette er fyrste gong sidan 1987 (7 møter sidan den gong) at Hornindal tek med seg 3 poeng heim frå Stadlandet stadion. Den gong vann Hornindal 2-4 og dagens assistent trenar Gunnar Grodås scora alle 4 måla for HIL. I tillegg brende Gunnar eit straffespark.

Fornøgde målscorarar etter kampen. F.v. Rasmus Bø og Eirik Bøe. Foto: Eskil Nordang Seljeset

Kampfakta

Stadlandet – Hornindal 1-2 (0-1)

0-1 Rasmus Bø

1-1 Stadlandet

1-2 Eirik Bøe

Dommar: Aleksander Blålid, Flatraket IL. Ass.dommarar: Sigurd Aam Hamre og Per Martin Silva Grytting begge Selje IL.

HIL sitt lag:

Andreas Sollid, Eskil Nordang Seljeset, Trygve Myrold, Antonio Sander Heggen, Olander Espe, Sander Haugen, Emil Haugen, Kristoffer Aarnes, Martin Aaland, Rasmus Bø, Eirik Bøe.

Innbyttarar:
Aksel Sollid Seljeset, Adrian Grodås, Mathias Lødøen og Fredrik Svarstad.

Neste kamp for herrelaget er komande tysdag (22. aug.) kl.19.15 når Måløy 2 gjestar Hornindal stadion.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball