Vidare til kvartfinalen!!

Småjentelaget vårt spelte ein stor kamp i dagens 8-delsfinale i B-sluttspelet i Norway Cup.

Dagens motstandar Skogsvåg frå Bergensområdet vart slegne heile 7-1. HIL gjekk tidleg opp i leiinga 1-0, og kampen var jamn fyrste halvdel av 1 omg. Deretter kom måla som perler på ei snor og det var aldri tvil om kven som skulle vinne kampen.

Målscorarar i denne kampen: Karoline Sjåstad og Malin Muldsvor med 3 mål kvar i tillegg scora motstandaren eit sjølvmål. Emine Norevik Espe stod for 4 assist.

Ein fornøgd gjeng etter kampslutt!Bak frå venstre: Ivrine Tronstad Grodås, Malin Muldsvor, Elisebet Hamre Lødemel, Kristine Sjåstad og Mathilde Muldsvor Årvik. Framme frå venstre: Svein Otto Espe (trenar), Adele Yri Oppheim, Mathilde Bakke, Vilde Muldsvor og Emine Norevik Espe.

Laget spelar dermed kvartfinale i morgon (torsdag) kl.15.00. Motstandar er Trond IL frå Trondheim.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball