Herrelaget vann 3-2 i kveldens kamp mot Flatraket/Selje 2. Lars Midthjell Gjørven scora vinnarmålet på overtid like før kampen dommar Yngve Haakonsen bles for full tid.
Dette vart ein kamp med store kontrastar for HIL. 1 omg. var rett og slett solid. 2-0 leiing til pause etter mål av Elias Helset (suveren målgjevande pasning frå Trygve Myrold), og 2-0 ved Lars Midthjell Gjørven som avslutta eit herleg angrep med å banke ballen kontant i mål.
2 omg. starta på verst tenkeleg måte. Flatraket/Selje litt meir på “høgget” og HIL er truelg litt for sjølvsikre og spelar dristig i bakre rekker. I løpet av 5 min dømmer dommar Haakonsen to straffer til gjestene, og begge endar med mål og laga er like langt. Brutalt!
Etter den dårlege starten tek HIL over kampen igjen og har fleire sjansar, men ballen vil ikkje i mål før i det 92 min når Endre Lødemel kjem rundt på høgrekanten og finn Lars Midthjell Gjørven med ei strøken pasning og vipps 3-2 og HEIMESIGER!!!!
Fornøgde målscorarar etter kamp slutt. F.v. Elias Helset og Lars Midthjell Gjørven.
Kampfakta: Hornindal – Flatraket/Selje 3-2 (2-0)
1-0 Elias Helset
2-0 Lars Midthjell Gjørven
2-1
2-2
3-2 Lars Midthjell Gjørven
Dommar: Yngve Haakonsen, Fjøra FK
Gult kort: Emil Haugen, Eskil Seljeset og Lars Midthjell Gjørven + 1 til F/S2
Publikum: ca.100
HIL sitt lag:
Kristoffer Grodås
Eirik Tvinnereim
Eskil Seljeset
Trygve Myrold
Lukas Lødemel
Emil Haugen
Elias Helset
Ole Christian Nygård
Martin Aaland
Bjørnar Taraldset
Lars Midthjell Gjørven
Innbyttarar:
Andreas Sollid
Chrisander Øen
Kristoffer Hatlestad Aarnes
Mathias Espe Lødøen
Endre Lødemel
Håvard Sollid