J-12 har hatt ein fin start på sesongen. Det vart tap mot Stryn 4-2 i serieopninga på heimebane. Her scora Mathilde Kobberstad og Mathilde Muldsvor Årvik. Deretter vart det 3-3 borte mot Skavøypoll etter 2 mål av Mathilde Bakke og 1 mål av Emma Grothaug. Deretter vart det ein noko heldig 1-0 siger heime mot eit godt Selje/Stadlandet-lag. Emma Grothaug scora vinnarmålet. Neste kamp er komande torsdag (25 mai) borte mot Eid.
Her er laget etter bortekampen mot Skavøypoll. Bak frå venstre: Mathilde Bakke, Susanne Muldsvor Årvik, Mathilde Kobberstad, Liva Utvær Nesdal og Mathilde Muldsvor Årvik. Framme frå venstre: Linnea Rørvik Lillestøl, Isabell Hawkins, Emma Grothaug, Synne Hole Brekke og Siril Yri Oppheim. I tillegg spelar Frida Grothaug på laget, men ho var ikkje med på denne kampen.