Herrelaget spelte uavgjort 0-0 mot Selje i kveld. For redaksjonen var dette eit litt uventa poeng, og ikkje minst imponerande poeng! Godt jobba gutta!!! I dag tidleg var troppen på behaglege 16 mann, men sjukdom og jobb førte til at vi reiste utover med 13 mann. Håpet om poeng vart mindre for kvar time vi nærma oss avspark.
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no
Trenarduoen Evebø/Grodås har nok dreve coaching i verdensklasse, og dagens tropp må ha følgte ordrar til punkt og prikke. Her har dei rett å slett gjort ein kjempejobb både trenarar og spelarar! Rapportane seier at ut i frå spel og sjansar var Selje best, men HIL forsvarte seg bra gjennom heile kampen, og kom til nokre gode sjansar. Like før slutt kunne vi stjelt med oss 3 poeng heim, men vi utnytta ikkje sjansen som baud seg. Uansett, å ta med poeng frå Selje stadion er ikkje mange lag som klarar i år!!
Kampfakta:
Selje Stadion
Hornindal – Selje 0-0 (0-0)
Dommar: Aleksander Blålid, Flatraket IL
Kort: ingen til HIL
HIL sitt lag:
Kristoffer Grodås
Eirik Tvinnereim
Eskil Seljeset
Trygve Myrold
Olander Norevik Espe
Elias Helset
Sander Misund Haugen
Emil Haugen
Lukas Olai Lødemel
Tobias Tandsøy Veum
Bjørnar Taraldset
Innbyttarar:
Andreas Sollid
Mathias Espe