Tap i bortekampen mot Måløy 2

Herrelaget tapte den tøffe bortekampen mot Måløy 2 i kveld. Sluttresultatet vart 2-0, etter 0-0 til pause. 1 omg. var jamn og ikkje urimelig med uavgjort til pause, men Måløy 2 stilte eit slagkrafig lag og vann ein fortent siger til slutt.

Kveldens høgdepunkt for Hornindal sin del var at 14 år gamle Mathias Espe Lødøen (15 år i august) fekk sin debut på herrelaget. Stå på vidare Mathias!!

Kampfakta

Måløy 2 – Hornindal 2-0 (0-0)

Mål for Måløy: Asle Eldevik (55 min) og Stian Åmelfot (65 min)

Dommar: Barla, Eid IL

Gule kort: Elias Helset og Lars Midthjell Gjørven begge HIL og Trond M Sørensen, Måløy 2.

HIL sitt lag: Kristoffer Grodås, Trygve Myrhol, Lars Gjørven, Eirik Tvinnereim, Elias Helset, Bjørnar Taraldset, Sander Haugen, Emil Haugen, Lukas Lødemel, Chrisander Øen, Kristoffer Hatlestad Arnes. Innbyttarar: Mathias Espe Lødøen, Olander Espe og Magnus Midthjell Gjørven.

Comments are closed

© 2023 Hornindal Fotball